- Lurer du på kva som skjer på Engebøfjellet akkurat no?

- Vil du vite kva som skal skje framover, og vår handtering av tryggleik, klima og miljø? 

- Ønsker du ei statusoppdatering på kva mineral vi skal ta ut, kvifor verda treng det og kvifor vi gjer det her?

- Lurer du på korleis vi skal få tak i fagfolk og kva det kan bety for lokalsamfunnet?

- Vil du vite meir om trendar og innovasjon i gruvebransjen globalt?

- Vil du høyre om planane for ein mineral-inkubator i Sunnfjord? Og kva er eigentleg ein inkubator?

 

Då er du hjarteleg velkomen til å delta på vår konferanse i Sunnfjordsalen på Scandic Sunnfjord Hotel onsdag 24. mai kl. 16.30-20.00. Vi byr på eit program der desse spørsmåla blir svart ut, enten av våre eigne folk, eller foredragshaldarar vi har invitert inn. Gratis inngong.


Program:

- 16.00 Dørene opnar. Enkel servering

- 16.30 Velkomen ved Kenneth Nakken Angedal, driftsdirektør i Nordic Mining, og Kjell Roland, styreleiar i Nordic Mining: "Vi skal utvinne mineral som verda treng og vil ha. Difor gjer vi det her og dette skal skje framover."

- 16.55 Elin Stubhaug, prosess-og produksjonsleiar i Nordic Mining: "Vi treng fagfolk og dei treng lokalsamfunn. Slik jobbar vi med rekruttering."

- 17.10 Mona Schanche, direktør for ressurs og bærekraft, Nordic Mining: "Slik handterer vi tryggleik for folk og samfunn, klima og miljø."

- 17.30 Kurt Aasly, førsteamanuensis, NTNU: "Kvifor er Noreg i ein særeigen posisjon til å utvinne mineral?"

- 17.55 Kaffepause

- 18.15 Bård Sandal, avdelingsdirektør næring, plan og innovasjon i Vestland Fylkeskommune: "Korleis passar dette inn i våre strategiar?"

- 18.40 Bente Hauge, prosjektleiar Sunnfjord Utvikling og Kjetil Myrland, partnar i PwC: "Dette gjer vi for å etablere mineralinkubator i Sunnfjord."

- 19.00 Høve til tilbakemelding: Kva er viktigast for deg?

- 19.25 Panelsamtalar med stortingspolitikarar, Vestland fylkeskommune og næringsliv: Alfred Bjørlo (V), Olve Grotle (H), Torbjørn Vereide, (Ap), Mona Schanche og Kjell Roland (Nordic Mining), Bård Sandal (VFK), Helene Frihammer (NHO Vestland) og Gunhild Berge Stang, (Sunnfjord Utvikling).

- 19.55 Oppsummering og avslutning
 

Alle er velkomne, enten du er tilhengar eller motstandar av gruvedrifta i Sunnfjord. Dette er ein god sjanse for deg til å få innblikk i eit prosjekt som vil prege regionen i mange år framover. Arrangementet er gratis.

Kontaktperson for konferansen er Kenneth Nakken Angedal i Nordic Mining.

Klikk her for å melde deg på.